Romans 11NO2011NN

1No spør eg: Har Gud støytt ifrå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins stamme.

2Gud har ikkje støytt ifrå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med skuldingar mot Israel?

3«Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet. »

4Men korleis lyder det guddomlege svaret han får? « Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygd kne for Baal. »

5På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.

6Men er det av nåde, då er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden lenger nåde.

7Kva så? Det Israel søkjer, har dei ikkje oppnådd, men dei utvalde har oppnådd det. Dei andre har vorte forherda,

8som det står skrive: Gud har gjeve dei ei sløv ånd, auge som ikkje ser, og øyre som ikkje høyrer, heilt til denne dag.

9Og David seier: Lat bordet deira bli ei snare og ei felle, ein snublestokk og ei straff for dei.

10Lat auga deira formørkjast så dei ikkje kan sjå, og lat ryggen deira for alltid vera bøygd.

11Så spør eg: Snubla dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane bli misunnelege på dei.

12Når deira fall har ført til rikdom for verda, og deira tap har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?

13No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt,

14i håp om at eg kan eggja til misunning dei som er mitt eige kjøt og blod, og frelsa nokre av dei.

15Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død!

16Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg.

17Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei.

18Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg.

19No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne podast inn.»

20Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du blir ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!

21Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.

22Sjå då kor god Gud er, og kor streng — streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til han som er god. Elles blir du òg avhoggen.

23Men dei andre òg skal bli innpoda, om dei då ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å poda dei inn att.

24Du vart hoggen av frå eit vilt oliventre og mot naturen innpoda på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje då dei naturlege greinene podast inn att i sitt eige oliventre?

25Eg vil ikkje at de skal vera uvitande om denne løyndomen, sysken, så de har for høge tankar om dykk sjølve: For ein del av Israel har vorte forherda, heilt til heidningane er komne inn i fullt tal.

26På den måten skal heile Israel bli frelst, som det står skrive: Frå Sion skal redningsmannen koma, han skal rydda gudløysa bort frå Jakob.

27Dette er mi pakt med dei når eg tek bort syndene deira.

28På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, slik at de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld.

29For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing.

30De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige.

31På same vis har dei no vore ulydige, for at den miskunn de har fått, skal føra til at dei òg no får miskunn.

32Gud lét alle vera ulydige, så han kunne miskunna seg over alle.

33Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Kor uransakelege hans dommar er, og kor ufattelege hans vegar!

34Kven kjende Herrens sinn, eller kven var rådgjevaren hans?

35Kven gav han noko først så han skulle få vederlag?

36Av han og ved han og til han er alle ting. Han vere ære i all æve! Amen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Romans 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.