Romans 10NO2011NN

1Mine sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste.

2For eg må gje dei dette vitnemålet: Dei brenn for Guds sak, men utan verkeleg å kjenna han.

3Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygd seg inn under rettferda frå Gud.

4For Kristus er endepunktet for lova, så kvar den som trur, skal bli rettferdig.

5Moses skriv om den rettferda som lova gjev: Det mennesket som lever etter boda, skal ha liv ved dei.

6Men den rettferda som kjem av tru, seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? — det vil seia for å henta Kristus ned —

7eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? — det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde.

8Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i din munn og i ditt hjarte. Det er ordet om trua, det som vi forkynner.

9For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst.

10Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste.

11Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal bli til skamme.

12For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.

13Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.

14Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner?

15Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod!

16Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår?

17Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

18Har dei ikkje høyrt, spør eg då. Jau, sanneleg: Deira røyst har nådd ut over heile jorda, orda dit verda endar.

19Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Først seier Moses: Eg vil gjera dykk sjalu på dei som ikkje er eit folk, på eit uvitug folk gjer eg dykk rasande.

20Og Jesaja går så langt at han seier: Eg vart funnen av dei som ikkje søkte meg, eg openberra meg for dei som ikkje spurde etter meg.

21Men om Israel seier han: Heile dagen rette eg ut mine hender til eit ulydig og trassig folk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Romans 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.