Revelation 14NO2011NN

1Og eg såg, og sjå! — Lammet stod på Sion-fjellet, og saman med han dei 144 000 som hadde namnet til Lammet og namnet til Far hans skrivne på panna.

2Frå himmelen høyrde eg ein lyd som bruset av veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Og lyden var som når harpespelarar spelar på harpene sine.

3Og dei song ein ny song framfor trona og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144 000, dei som er frikjøpte frå jorda.

4Dette er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som jomfruer. Det er dei som følgjer Lammet kvar han går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei førstegrøde for Gud og Lammet.

5I deira munn vart det ikkje funne løgn, dei er utan feil.

6Og eg såg endå ein engel, flygande høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og stammar, tungemål og folk.

7Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmelen og jorda, hav og kjelder!»

8Ein annan engel følgde etter og ropa: « Fallen, fallen er Babylon den store, ho som har skjenkt alle folkeslag med vreidevin frå horeriet sitt.»

9Ein tredje engel følgde etter dei og ropa med høg røyst: «Den som tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa,

10skal drikka av Guds vreidevin som er skjenkt ublanda i hans harmes skål, og pinast med eld og svovel for auga på dei heilage englane og Lammet.

11Røyken frå pina deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, desse som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet til dyret som merke.»

12Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus.

13Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som heretter døyr i Herren. Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei.»

14Og eg såg, og sjå! — ei kvit sky, og på skya sat det ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ein krans av gull på hovudet og ein skarp sigd i handa.

15Og ein annan engel kom ut frå tempelet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Lyft sigden din og haust inn! For tida er komen for å hausta, og grøda på jorda er fullmogen.»

16Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.

17Då kom det endå ein engel ut frå tempelet i himmelen; han òg hadde ein skarp sigd.

18Så kom det ein annan engel frå altaret. Han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den skarpe sigden: «Send ut den skarpe sigden din og haust inn drueklasane frå vinmarka på jorda, for no er druene mogne!»

19Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene frå vinmarka på jorda og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide.

20Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet rann frå vinpressa så det stod opp til bekselet på hestane 1600 stadiar borte.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Revelation 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.