Revelation 13NO2011NN

1Og eg såg eit dyr stiga opp av havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ti kroner på horna. På hovuda stod namn som var ein spott mot Gud.

2Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og si trone og stor makt.

3Eitt av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men det dødelege såret vart lækt. Heile verda undra seg over dyret og følgde det.

4Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

5Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader.

6Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet hans og bustaden hans og dei som bur i himmelen.

7Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over alle stammar og folk, tungemål og folkeslag.

8Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som heilt frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hos Lammet som vart slakta.

9Den som har øyre, høyr!

10Den som skal i fangenskap, må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, må døy for sverd. Her må dei heilage halda ut og ha tru.

11Og eg såg eit anna dyr stiga opp av jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake.

12All den makt det første dyret har, bruker det andre dyret i teneste for det første. Det får heile jorda og dei som bur der, til å tilbe det første dyret — det som hadde fått banesåret sitt lækt.

13Det gjer store teikn, så det endå lèt eld frå himmelen fara ned på jorda midt for auga på folk.

14Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret — det som vart såra med sverd, men livna til att.

15Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å få drepe alle dei som ikkje ville tilbe biletet av dyret.

16Dyret tvingar alle, små og store, rike og fattige, frie og slavar, til å ha eit merke på høgre handa eller på panna.

17Og ingen kan kjøpa eller selja noko utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet.

18Her gjeld det å ha visdom. Lat den som har forstand, rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet er 666.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Revelation 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.