Revelation 12NO2011NN

1Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.

2Ho var med barn og skreik i barselsmerter og fødselsrier.

3På himmelen synte det seg òg eit anna teikn, ein stor drake, raud som eld. Han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.

4Halen hans drog med seg tredjedelen av stjernene på himmelen og kasta dei ned på jorda. Draken stilte seg framfor kvinna som skulle føda, for å sluka barnet så snart det var fødd.

5Då fødde ho eit gutebarn som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans trone.

6Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud hadde laga til for henne, og der skulle ho i 1260 dagar få den føda ho trong.

7Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine,

8men dei vart overvunne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.

9Den store draken, den gamle slangen, han som blir kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda, vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han.

10Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Sigeren og makta og riket tilhøyrer no vår Gud, og herredømet den han har salva. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot syskena våre for vår Guds andlet.

11Dei har vunne over han i kraft av blodet frå Lammet og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet så kjært at dei ikkje ville gå i døden.

12Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men ve over jorda og havet, for djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, for han veit at tida hans er kort.»

13Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfølgde han kvinna som hadde fødd gutebarnet.

14Men ho fekk dei to vengene til den store ørna så ho kunne flyga ut i øydemarka til staden sin, og få den føda ho treng i ei tid og tider og ei halv tid, langt borte frå slangen.

15Ut av gapet sitt spydde slangen vatn som ei elv etter kvinna for å riva henne bort i straumen.

16Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet sitt.

17Draken vart rasande på kvinna og fór bort for å føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som retter seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus.

18Og han vart ståande på stranda ved havet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Revelation 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.