Revelation 15NO2011NN

1Og eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: sju englar med dei sju siste plagene, for med dei er Guds vreide fullført.

2Og eg såg noko som likna eit hav av glas blanda med eld. På glashavet stod dei som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene

3og syng den lovsongen som Guds tenar Moses song, den som òg er songen for Lammet: Store og underfulle er dine gjerningar, Herre Gud, du Allmektige. Rettferdige og sanne er dine vegar, du konge over folkeslaga.

4Kven skulle ikkje frykta deg, Herre, og æra ditt namn? For einast du er heilag. Alle folkeslag skal koma og tilbe for ditt andlet, fordi dine rettferdige dommar har vorte openberra.

5Etter dette såg eg at tempelet i himmelen, som er vitnemålsteltet, vart opna.

6Og ut frå tempelet kom dei sju englane som hadde med seg dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa.

7Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med den levande Guds vreide, han som lever i all æve.

8Då vart tempelet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i tempelet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Revelation 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.