Psalms 95NO2011NN

1Kom, lat oss jubla for HERREN, hylla vårt berg som frelser oss!

2Lat oss gå fram for han med lovsong, hylla han med song og spel!

3For HERREN er ein stor Gud, ein stor konge over alle gudar.

4Han har jord-djupnene i si hand og fjelltoppane i eige.

5Havet er hans, han har skapt det, hendene har forma det faste landet.

6Kom, lat oss knela og kasta oss ned, bøya kne for HERREN, vår skapar!

7For han er vår Gud, vi er folket han gjeter, flokken i hans hand. Ville de berre høyra hans røyst i dag!

8Gjer ikkje hjartet hardt som ved Meriba, som den dagen ved Massa i ørkenen,

9då fedrane dykkar utfordra meg og sette meg på prøve, endå dei såg kva eg gjorde!

10I førti år hadde eg avsky for denne slekta. Eg sa: Dei er eit folk som fer vill i sitt hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.

11Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 95.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.