Psalms 94NO2011NN

1HERRE, du er ein Gud som tek hemn. Stig fram i stråleglans, hemnens Gud!

2Reis deg, du som dømmer jorda, lat dei hovmodige få det dei fortener!

3Kor lenge, HERRE? Kor lenge skal dei urettferdige jubla?

4Dei talar ein straum av frekke ord, alle som gjer urett, skryter.

5Dei knuser folket ditt, HERRE, og kuar din eigedom.

6Enkjer og innflyttarar drep dei, og farlause myrdar dei.

7Dei seier: «HERREN ser det ikkje, Jakobs Gud merkar det ikkje.»

8De uforstandige i folket, merk dykk dette! Dårar, når skal de forstå?

9Høyrer ikkje han som planta øyret, ser ikkje han som forma auget?

10Refsar ikkje han som tuktar folka, han som gjev menneska kunnskap?

11HERREN kjenner tankane til menneska, han veit at dei er tomme.

12Sæl er den du tuktar, HERRE, den du underviser i di lov.

13Du vil gje han ro utan vonde dagar til grava er graven for den lovlause.

14HERREN støyter ikkje frå seg sitt folk og forlèt ikkje sin eigedom.

15Retten skal igjen bli rettferdig, og alle ærlege av hjartet skal leva etter den.

16Kven står opp for meg mot valdsmenn, kven stig fram for meg mot dei som gjer urett?

17Om ikkje HERREN var min hjelpar, budde eg snart i det stille landet.

18Om eg må seia: «Foten min er ustø», så held di miskunn meg oppe, HERRE.

19Når mitt indre er fullt av urolege tankar, har mi sjel glede av di trøyst.

20Kan vondskaps trone vera din ven, ho som gjer urett til lov?

21Dei slår seg saman mot den rettferdige og dømmer den skuldlause.

22Men HERREN vart mitt vern, min Gud vart fjellet der eg søkjer tilflukt.

23Han lét uretten deira ramma dei sjølve og gjorde ende på dei i deira vondskap. HERREN vår Gud gjorde ende på dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 94.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.