Psalms 96NO2011NN

1Syng for HERREN, syng ein ny song. Syng for HERREN, all jorda!

2Syng for HERREN, velsign hans namn. Forkynn hans frelse frå dag til dag!

3Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom, mellom alle folk om hans under!

4For HERREN er stor og verdig lov og pris, verd å frykta meir enn alle gudar.

5Alle gudane til folka er avgudar. Det var HERREN som skapte himmelen.

6Høgd og herlegdom er framfor han, makt og glans i hans heilagdom.

7Gjev HERREN ære, de folk og slekter, gjev HERREN ære og makt!

8Gjev HERREN den ære hans namn skal ha. Kom til hans føregardar med gåver!

9Bøy dykk for HERREN i heilag prakt. Skjelv for han, all jorda!

10Forkynn blant folka: HERREN er konge, verda står fast, ho kan ikkje rokkast! Han dømmer folka med rettferd.

11Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla, havet og alt som fyller det, skal brusa,

12marka skal jubla med alt ho ber; då ropar kvart tre i skogen av fryd

13for HERRENS andlet. For han kjem, han kjem for å dømma jorda. Han skal dømma verda med rettferd og folka med truskap.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 96.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.