Psalms 9NO2011NN

1Til korleiaren. Etter «Mut labbén». Ein salme av David.

2Eg vil takka deg, HERRE, av heile mitt hjarte. Eg vil fortelja om alle dine under.

3Eg vil gleda og fryda meg i deg. Eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste.

4Når mine fiendar dreg seg attende, snublar dei og går til grunne framfor deg.

5For du har gjeve meg rett i mi sak, du har sett deg på trona, du rettferdige dommar.

6Du truga folka og utsletta dei lovlause, du strauk namnet deira ut for evig.

7Fienden er borte, lagd i ruinar for alltid, byar har du rive opp med rot; minnet om dei er ikkje meir.

8Men HERREN tronar til evig tid, til dom har han reist si trone.

9Han dømmer verda med rettferd, feller rettferdig dom over folka.

10HERREN er eit vern for dei undertrykte, eit vern når dei er i naud.

11Dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg. HERRE, du forlèt ikkje dei som søkjer deg.

12Syng for HERREN, han som bur på Sion, fortel om hans gjerningar mellom folka!

13Han som straffar drap, gløymer ikkje; han hugsar dei hjelpelauses skrik.

14Ver meg nådig, HERRE! Sjå kor uvenene mine plagar meg. Du fører meg opp frå dødens portar

15så eg kan lovprisa deg i Sions portar. Eg vil jubla over di frelse!

16Folka fell i den grava dei grov, føtene blir fanga i garnet dei sjølve spente ut.

17HERREN gjev seg til kjenne, han kjem med rettferd. I sine eigne gjerningar blir den lovlause fanga. Higgajon. Sela

18Dei lovlause skal fara til dødsriket, alle folkeslag som gløymer Gud.

19Den fattige blir ikkje gløymd for alltid, dei hjelpelause er ikkje for alle tider utan von.

20Reis deg, HERRE! Lat ikkje menneske få makta, lat folka få sin dom for ditt andlet.

21Fyll dei med redsle, HERRE! Lat folka skjøna at dei berre er menneske. Sela

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.