Psalms 8NO2011NN

1Til korleiaren. Etter Gittit. Ein salme av David.

2HERRE, vår herre, kor herleg ditt namn er over heile jorda, du som har breidd ut din glans på himmelen!

3Frå munnen på småborn og spedborn har du reist eit vern mot dei som står imot deg, for å gjera ende på fienden og hemnaren.

4Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der,

5kva er då eit menneske — at du hugsar på det, eit menneskebarn — at du tek deg av det?

6Du sette han lite lågare enn Gud og krona han med herlegdom og ære.

7Du sette han til herre over det dine hender har skapt, alt la du under hans føter:

8småfe og storfe i samla flokk, dei ville dyra på marka,

9fuglane under himmelen og fiskane i havet, alt som ferdast på havsens stigar.

10HERRE, vår herre, kor herleg ditt namn er over heile jorda!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.