Psalms 7NO2011NN

1Ein sjiggajon av David. Han song han for HERREN på grunn av benjaminitten Kusj.

2HERRE, min Gud, eg søkjer tilflukt hos deg. Frels meg og berg meg frå alle som jagar meg.

3Lat dei ikkje riva meg sund som løver og dra meg bort utan at nokon bergar meg.

4HERRE, min Gud, om eg har fare slik fram at det er urett i mine hender,

5om eg har gjort vondt mot min ven og rana min motstandar utan grunn,

6så lat fienden jaga meg og nå meg att, trakka mitt liv til jorda og kasta mi ære i støvet. Sela

7Reis deg, HERRE, i din vreide, stå opp mot fiendane som rasar mot meg! Vakna, min Gud, du som stemner til doms.

8Lat folka samla seg kring deg, ta ditt sete over dei i det høge!

9HERREN dømmer folka. Gjev meg min rett, HERRE, for eg er rettferdig og heil i mi ferd.

10Gjer ende på vondskapen til dei som gjer urett, men lat den rettferdige bli ståande, du som prøver hjarte og nyrer, du rettferdige Gud.

11Gud er mitt skjold, han frelser dei ærlege av hjartet.

12Gud er ein rettferdig dommar, ein Gud som alltid kan bli harm.

13Dersom nokon ikkje vender om, vil han kvessa sverdet, spenna bogen og sikta,

14gjera sine drepande våpen klare og setja fyr på sine piler.

15Sjå, den som er svanger med urett, har avla ugjerning og føder løgn.

16Eit hòl grev han, og han gjer det djupt, men fell sjølv ned i den grava han grov.

17Hans ugjerning råkar hans eige hovud, sin eigen råskap får han i skallen.

18Eg vil prisa HERREN for hans rettferd, lovsyngja namnet til HERREN, Den høgste.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.