Psalms 6NO2011NN

1Til korleiaren. Med strengespel. Etter «Den åttande». Ein salme av David.

2HERRE, refs meg ikkje i din vreide, straff meg ikkje i din harme!

3Ver meg nådig, HERRE, for eg er kraftlaus. Læk meg, HERRE, kroppen skjelv av redsle,

4mi sjel er gripen av frykt. HERRE, kor lenge?

5Vend deg hit, HERRE, og fri meg ut, frels meg i di miskunn!

6Kven av dei døde kallar på deg? Ingen i dødsriket prisar deg.

7Eg er trøytt av å klaga. Eg dynkar mitt leie med tårer kvar natt, senga dryp av gråt.

8Mitt auge er sløvt av bitter sorg, aldra fordi mange står imot meg.

9Bort frå meg, alle de som gjer urett! For HERREN høyrer min gråt.

10HERREN lyttar til mitt rop om nåde, HERREN tek imot mi bøn.

11Alle mine fiendar skal bli til skamme og rista av redsle. Brått skal dei snu seg bort i skam.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.