Psalms 10NO2011NN

1Kvifor, HERRE, er du så langt borte, kvifor løyner du deg når folk er i naud?

2I sitt hovmod jagar dei lovlause den som er hjelpelaus, men dei blir fanga av sine eigne listige knep.

3Den lovlause skryter av alt han trår etter, den griske forbannar, ja, foraktar HERREN.

4Den lovlause set nasen i vêret. «Han krev meg ikkje til rekneskap! Det finst ingen Gud», er alt han tenkjer.

5Likevel lukkast han alltid med det han gjer. Det du har fastsett, er for høgt og fjernt for han. Han fnyser forakteleg av alle som står imot han.

6Han seier i sitt hjarte: «Eg skal ikkje vakla. Så lenge slekt følgjer slekt, skal ulukka aldri nå meg.»

7Munnen hans er full av forbanning, av svik og vald, under tunga gøymer han skade og urett.

8Han ligg i bakhald i landsbyane, i løynd drep han den skuldlause. Auga hans speidar etter den som er verjelaus.

9Han ligg på lur som ei løve i krattet, der ingen ser han, han ligg på lur så han kan gripa den som er hjelpelaus. Han grip den hjelpelause og dreg han inn i garnet.

10Han dukkar seg ned, han krøkjer seg saman, og den verjelause fell for hans overmakt.

11«Gud gløymer», seier han til seg sjølv. «Gud løyner sitt andlet og ser aldri.»

12Reis deg, HERRE! Gud, lyft di hand! Gløym ikkje den som er hjelpelaus!

13Kvifor skal den lovlause forakta Gud og seia i sitt hjarte: «Du krev ikkje til rekneskap»?

14Du ser både ulukke og sorg, du ser det og tek det i di hand. Den verjelause kan gje seg over til deg, og den farlause — du er hans hjelpar.

15Bryt armen på den som er urettferdig og vond! Krev han til rekneskap for hans urett så han ikkje må finnast meir!

16HERREN er konge til evig tid, framande folk skal ryddast ut av hans land.

17Det dei hjelpelause lengtar etter, høyrer du, HERRE, du stør deira hjarte, du vender øyra til.

18Du hjelper dei farlause og undertrykte til deira rett. Menneske skal ikkje lenger bli drivne ut av landet i frykt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.