Psalms 11NO2011NN

1Til korleiaren. Ein salme av David. Hos HERREN søkjer eg tilflukt. Korleis kan de seia til meg: «Fly opp i fjellet som ein fugl!

2For sjå, dei lovlause spenner bogen og legg si pil på strengen; i mørkret vil dei skyta på dei ærlege av hjartet.

3Når grunnvollane blir rivne bort, kva kan den rettferdige gjera?»

4HERREN er i sitt heilage tempel, HERREN har si trone i himmelen. Auga hans ser, han prøver menneska med sitt blikk.

5HERREN prøver rettferdige og urettferdige, han hatar dei som elskar vald.

6Over dei urettferdige lèt han det regna gloande kol og svovel, gloheit vind får dei i sitt beger.

7Rettferdig er HERREN, han elskar rettferdige gjerningar. Dei ærlege får sjå hans andlet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.