Psalms 12NO2011NN

1Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein salme av David.

2Frels meg, HERRE! Dei trugne er borte. Det finst ikkje trufaste menneske meir.

3Alle talar løgn med sin neste, dei snakkar med glatte lepper og delt hjarte.

4HERREN skal rydda ut alle glatte lepper, kvar tunge som talar store ord,

5dei som seier: «I tunga ligg vår makt, vi har leppene med oss. Kven er herre over oss?»

6«Dei hjelpelause blir undertrykte, og dei fattige stønnar, difor vil eg reisa meg», seier HERREN. «Eg vil berga den som blir forakta.»

7HERRENS ord er reine ord, sølv lutra i smelteomnen, sju gonger reinsa.

8Du, HERRE, vil vara dei, verna dei mot denne slekt for alltid

9når lovlause er på ferde overalt og det usle får makta mellom folk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.