1Ein læresalme av esrahitten Etan.
2Eg vil alltid syngja om HERRENS miskunn, frå slekt til slekt skal min munn gjera din truskap kjend.
3Eg seier: Miskunn blir bygd for evig, din truskap er grunnfest i himmelen.
4«Eg gjorde ei pakt med min utvalde, svor ein eid til David, min tenar:
5Eg grunnfester di ætt til evig tid; eg vil byggja di trone frå slekt til slekt.» Sela
6Himmelen prisar dine under, HERRE, forsamlinga av dei heilage prisar din truskap.
7For kven i skyene er HERRENS like, kven mellom gudesøner er som HERREN,
8ein stor og skremmande Gud i rådet av dei heilage, meir verd å frykta enn alle som omgjev han?
9Kven er som du, Gud HERRE Sebaot? Mektig er du, HERRE, omgjeven av din truskap.
10Du herskar over det hovmodige havet, når bølgjene reiser seg, stiller du dei.
11Det var du som slo Rahab i hel, du spreidde dine fiendar med din mektige arm.
12Din er himmelen, og di er jorda, du har grunnlagt verda og alt som fyller henne.
13Du skapte nord og sør, Tabor og Hermon jublar over ditt namn.
14Din arm er mektig, di hand er sterk, høgre arm er lyft.
15Rettferd og rett er grunnvoll for di trone, miskunn og sanning kjem fram for deg.
16Sælt er det folket som kan ropa av jubel. Dei ferdast i lyset frå ditt andlet, HERRE.
17Heile dagen jublar dei over ditt namn, dei triumferer ved di rettferd.
18Du er deira styrke og prakt, ved din godvilje får vi kraft.
19Skjoldet vårt høyrer HERREN til, kongen vår høyrer Israels Heilage til.
20Den gong tala du i eit syn til dine trugne: «Eg set ein helt til å hjelpa, reiser opp ein utvald frå folket.
21Eg fann David, min tenar, eg salva han med mi heilage olje.
22Mi hand skal alltid vera hos han, min arm skal gje han styrke.
23Fienden skal ikkje plaga han, vonde menneske skal ikkje kua han.
24Eg knuser motstandarar framfor han, dei som hatar han, slår eg ned.
25Min truskap og mi miskunn skal vera hos han, i mitt namn skal han få kraft.
26Eg legg havet under hans hand, elvane under hans høgre arm.
27Han skal ropa til meg: ‘Du er min far, min Gud, mitt berg som frelser meg!’
28Ja, min førstefødde skal han vera, den høgste mellom kongane på jord.
29Eg skal alltid gjera godt mot han, mi pakt med han står fast.
30Hans ætt held eg oppe til evig tid, hans trone så lenge himmelen er til.
31Dersom sønene hans går bort frå mi lov og ikkje følgjer mine bod,
32dersom dei vanhelgar mine forskrifter og ikkje held mine påbod,
33då straffar eg deira brot med stokk, deira synd med slag.
34Men eg skal ikkje ta mi miskunn frå han og ikkje svikta min truskap.
35Eg vil ikkje vanhelga mi pakt, ikkje endra orda frå min munn.
36Éin gong for alle har eg svore: Så sant eg er heilag, eg vil aldri lyga for David.
37Hans ætt skal vara til evig tid, hans trone skal stå som sola framfor meg.
38Ho skal stå fast for evig som månen, det trufaste vitnet i skya.» Sela
39Men du har støytt bort den du har salva, du vraka han og vart harm på han.
40Du har gjort om inkje pakta med din tenar, vanhelga hans krone i støvet.
41Du har rive ned alle hans murar, lagt borgene hans i grus.
42Dei plyndrar han, alle som fer framom, han har vorte til spott for sine grannar.
43Du gjev motstandarane siger og gjer alle hans fiendar glade.
44Hans kvasse sverd har du trekt tilbake, du heldt han ikkje oppe i striden.
45Du har gjort ende på hans glans og slengt trona hans til jorda.
46Du har korta hans ungdoms dagar og sveipt han i skam. Sela
47Kor lenge, HERRE? Vil du løyna deg for alltid? Kor lenge skal din harme brenna som eld?
48Kom i hug at livet mitt er kort! Var det fåfengt at du skapte alle menneske?
49Kven lever utan å sjå døden, kven bergar livet frå dødsrikets vald? Sela
50Herre, kvar er di miskunn som du viste oss før, den du svor David i din truskap?
51Herre, kom i hug spotten mot dine tenarar, den eg har fått i fanget frå mange folk.
52For dine fiendar spottar, HERRE, dei spottar den du har salva, kvar han går.
53Velsigna er HERREN til evig tid! Amen! Ja, amen!