Psalms 90NO2011NN

1Ei bøn av gudsmannen Moses. Herre, du har vore ein bustad for oss i slekt etter slekt.

2Før fjella vart fødde, før jorda og verda vart til, frå æve til æve er du, Gud.

3Du lèt mennesket bli til støv att og seier: «Menneskeborn, vend attende!»

4For tusen år er i dine auge som dagen i går då han fór framom, eller som ei nattevakt.

5Du skyl dei vekk som ein søvn om morgonen. Dei er lik graset som svinn bort.

6Det blømer om morgonen, så svinn det bort. Om kvelden visnar det og tørkar inn.

7Vi går til grunne ved din vreide, redsle grip oss ved din harme.

8Du set syndene våre framfor deg, det vi løyner, stiller du i lyset frå ditt andlet.

9Alle våre dagar fer forbi, ved din harme går vi til grunne, åra våre er som ein sukk.

10Vår levetid er sytti år, åtti når det er styrke til det. Dei beste åra er fulle av strev og urett. Dei går fort, og vi flyg av stad.

11Kven kjenner styrken i din vreide? Din harme gjev grunn til å frykta deg.

12Lær oss å telja våre dagar så vi kan få visdom i hjartet!

13Kom tilbake, HERRE! Kor lenge? Ha medynk med dine tenarar!

14Mett oss med di miskunn om morgonen så vi kan jubla og gleda oss alle våre dagar.

15Gled oss like lenge som du har kua oss, like mange år som vi har lide vondt.

16Lat di gjerning bli synleg for dine tenarar, din herlegdom for deira born!

17Måtte Herren vår Gud vera venleg mot oss! Lat våre henders verk lukkast for oss, ja, våre henders verk, lat det lukkast!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 90.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.