Psalms 88NO2011NN

1Ein song. Ein salme av Korah-songarane. Til korleiaren. Etter «Mahalat leannot». Ein læresalme av esrahitten Heman.

2HERRE, du Gud som frelser meg, eg ropar til deg dag og natt.

3Lat mi bøn nå fram til deg, vend øyret til mitt rop!

4Mitt liv er fylt av ulukker, eg står ved dødsrikets rand.

5Eg blir rekna til dei som har gått i grav, eg er som ein mann utan kraft.

6Eg er forlaten mellom dei døde, lik falne som ligg i grav. Du kjem dei ikkje lenger i hug, dei er støytte bort frå di hand.

7Du har lagt meg i hòla der nede, i det mørke djupet.

8Din harme kviler tungt på meg, du lèt dine brotsjøar slå over meg. Sela

9Du har drive venene mine bort og fylt dei med avsky for meg. Eg er stengd inne, eg kjem ikkje ut,

10auget veiknar i mi naud. HERRE, eg ropar til deg kvar dag, eg retter hendene ut mot deg.

11Gjer du under for dei døde, står daudingar opp og prisar deg? Sela

12Fortel dei om di miskunn i grava, om din truskap i avgrunnen?

13Blir dine under kjende i mørkret, di rettferd i det gløymde landet?

14Eg ropar til deg, HERRE, kvar morgon kjem mi bøn fram for deg.

15Kvifor støyter du meg bort, HERRE, kvifor løyner du andletet for meg?

16Frå ungdomen av har eg vore hjelpelaus, ja, døden nær. Du fyller meg med redsle, eg er rådvill.

17Din harme slår over meg, dine redsler gjer ende på meg.

18Dei er omkring meg som vatn heile dagen, alle saman omringar meg.

19Du har drive vener og frendar bort frå meg, mine kjenningar er borte i mørkret.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 88.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.