Psalms 85NO2011NN

1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.

2HERRE, du har vist godvilje mot landet ditt, du vende lagnaden for Jakob.

3Du tok bort skulda til folket ditt, dekte over all deira synd. Sela

4All din harme tok du tilbake, du vende deg om frå din brennande vreide.

5Før oss tilbake, Gud, vår frelsar, lat din uvilje mot oss ta slutt!

6Vil du vera harm på oss for alltid og la vreiden vara frå slekt til slekt?

7Er det ikkje du som vekkjer oss til liv på nytt så folket ditt kan gleda seg i deg?

8Lat oss få sjå di miskunn, HERRE, gjev oss di frelse!

9Eg vil høyra kva Gud HERREN seier. For han talar fred til sitt folk, til sine trugne, — berre dei ikkje vender attende til dårskap!

10Ja, hans frelse er nær for dei som fryktar han, så herlegdom skal bu i landet vårt.

11Miskunn og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred skal kyssa kvarandre.

12Sanning skal spira opp av jorda og rettferd sjå ned frå himmelen.

13HERREN skal gje det som godt er, og landet vårt skal bera si grøde.

14Rettferd går framføre når han dreg fram.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 85.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.