1Ei bøn av David. Vend øyret til, HERRE, svar meg, for eg er hjelpelaus og fattig!
2Vakta meg, for eg er trugen. Frels din tenar, du min Gud, eg set mi lit til deg.
3Ver meg nådig, Herre, eg ropar til deg heile dagen.
4Gjer din tenar glad! Eg lyfter mi sjel til deg, Herre.
5For du, Herre, er god, du tilgjev, du er rik på miskunn mot alle som kallar på deg.
6HERRE, vend ditt øyre til mi bøn, lyd etter når eg bed om nåde!
7Den dagen eg er i naud, ropar eg til deg, for du vil svara meg.
8Herre, mellom gudar er ingen som du, og ingen gjerningar er som dine.
9Alle folk som du har skapt, skal koma og bøya seg for deg, Herre, og æra ditt namn.
10For du er stor, og du gjer under. Einast du er Gud.
11HERRE, lær meg din veg så eg kan ferdast i di sanning! Gjev meg eit heilt hjarte, så eg fryktar ditt namn!
12Eg vil prisa deg, Herre, min Gud, av heile mitt hjarte og evig æra ditt namn.
13For di miskunn mot meg er stor, frå djupaste dødsriket har du berga meg.
14Frekke menn har reist seg mot meg, Gud, ein flokk av valdsmenn står meg etter livet. Dei har ikkje deg for auga.
15Men du, Herre, er ein mild og nådig Gud, sein til vreide, rik på miskunn og sanning.
16Vend deg til meg og ver meg nådig. Gjev din tenar kraft frå deg, frels sonen til di tenestekvinne!
17Gjev meg eit teikn som varslar godt. Lat dei som hatar meg, sjå det og bli til skamme! For du, HERRE, hjelper og trøystar meg.