Psalms 84NO2011NN

1Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme.

2Kor elskelege dine bustader er, HERRE Sebaot!

3Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel etter HERRENS føregardar. No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.

4Sporven har funne ein heim, svala har fått seg eit reir der ho kan leggja sine ungar, ved dine altar, HERRE Sebaot, min konge og min Gud.

5Sæle er dei som bur i ditt hus, dei skal alltid lova deg. Sela

6Sæle er dei som har sin styrke i deg, dei som lengtar etter å fara opp til tempelet.

7Når dei fer gjennom dalen med baka-tre, gjer dei han til ei kjelde. Haustregnet legg òg si signing over han.

8Dei går frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion.

9HERRE, allhærs Gud, høyr mi bøn, vend øyret til, du Jakobs Gud! Sela

10Gud, vårt skjold, vend auga hit, sjå på han du har salva!

11Ja, éin dag i dine føregardar er betre enn tusen andre. Å liggja ved dørstokken til min Guds hus er betre enn å bu i lovlauses telt.

12For HERREN Gud er sol og skjold, HERREN gjev nåde og ære. Han held ikkje tilbake det gode for den som er heil i si ferd.

13HERRE Sebaot, sæl er den som set si lit til deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 84.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.