Psalms 83NO2011NN

1Ein song. Ein salme av Asaf.

2Gud, hald deg ikkje i ro, ver ikkje still og tagal, Gud!

3Fiendane dine buldrar! Dei som hatar deg, lyfter hovudet.

4Dei legg listige planar mot ditt folk, dei held samråd mot dei du vernar.

5Dei seier: «Kom, lat oss sletta dei ut som folk, så Israels namn ikkje blir hugsa meir!»

6Dei held råd og blir samde, dei lagar ei pakt mot deg,

7Edoms telt og ismaelittane, Moab og hagrittane,

8Gebal, Ammon og Amalek, Filistarland og dei som bur i Tyros,

9jamvel Assur sluttar seg til dei og er ein sterk arm for Lots søner. Sela

10Gjer med dei som med Midjan, som med Sisera og Jabin ved Kisjon-bekken.

11Dei vart utrydda ved En-Dor, vart til gjødsel på marka.

12Lat fyrstane deira bli som Oreb og Seeb, alle hovdingane som Sebah og Salmunna!

13For dei sa: «Vi vil ta Guds beitemarker i eige.»

14Min Gud, lat dei bli som tisteldun, som halmstrå for vinden!

15Som elden brenner opp ein skog og logane set fjell i brann,

16slik må du jaga dei med din storm og skremma dei med dine stormkast.

17Fyll andletet deira med skam så dei spør etter ditt namn, HERRE.

18Lat dei bli slegne av skam og skrekk for alltid, lat dei bli vanæra og gå til grunne!

19Måtte dei skjøna at ditt namn er HERREN, einast du er Den høgste over all jorda.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 83.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.