Psalms 82NO2011NN

1Ein salme av Asaf. Gud står fram i gudars forsamling, midt mellom gudar held han dom:

2Kor lenge vil de dømma med urett og halda med dei skuldige? Sela

3Hjelp svake og farlause til deira rett, frikjenn hjelpelause og fattigfolk,

4berg fattige og svake, fri dei frå handa til dei lovlause!

5Dei veit ingenting, skjønar ingenting, dei ferdast i mørker, alle grunnvollar under jorda vaklar.

6Eg har sagt: «De er gudar, søner av Den høgste er de alle.

7Men de skal døy slik eit menneske døyr, og falla slik ein av fyrstane fell.»

8Reis deg, Gud, hald dom over jorda, for alle folkeslag er din eigedom.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 82.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.