Psalms 81NO2011NN

1Til korleiaren. Etter Gittit. Av Asaf.

2Bryt ut i jubel for Gud, vår styrke, rop av glede for Jakobs Gud!

3Stem opp ein song, lat handtromma lyda, den yndige lyra saman med harpa.

4Blås i horn ved nymåne og ved fullmåne, på vår høgtidsdag.

5For det er ei forskrift i Israel, ei lov frå Jakobs Gud.

6Han gjorde det til eit lovbod i Josef då han drog ut frå Egypt. Eg høyrer eit språk eg ikkje kjende:

7Eg fria hans aksel frå børa, hendene slapp å bera korga.

8I trengsle ropa du, og eg fria deg ut; løynd i toreskya svara eg deg, ved Meriba-kjelda prøvde eg deg. Sela

9Høyr, mitt folk, eg formanar deg! Israel, om du berre ville høyra på meg!

10Ingen framand gud må finnast hos deg, du skal ikkje bøya deg for gudar frå framande land!

11Eg er HERREN din Gud som førte deg opp frå Egypt. Lat opp munnen, så fyller eg han!

12Men folket mitt høyrde ikkje på meg, Israel ville ikkje lyda meg.

13Så lét eg dei fara, forherda i hjartet; dei følgde sine eigne planar.

14Gjev mitt folk ville høyra på meg, gjev Israel ville gå på mine vegar!

15Då skulle eg kua motstandarane deira med det same og retta handa mot fienden.

16Dei som hatar HERREN, må krypa for han, deira ulukketid skal alltid vara.

17Men han har late Israel eta den beste kveiten. Eg mettar deg med honning frå berget.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 81.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.