1Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.
2Lytt, du Israels gjetar, du som fører Josef lik ein flokk med sauer. Du som tronar over kjerubane, strål fram!
3Vekk di kraft for Efraim, Benjamin og Manasse, kom oss til hjelp!
4Gud, før oss tilbake, lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!
5Gud HERRE Sebaot, kor lenge skal du svara folket si bøn med rykande vreide?
6Tårebrød gjev du dei å eta, og tårer må dei drikka til overmål.
7Du lèt grannane våre slåst om oss, fiendane spottar oss.
8Gud Sebaot, før oss tilbake, lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!
9Ein vinstokk tok du frå Egypt, du dreiv folkeslag ut og planta han.
10Du rydda plass for han så han slo rot og fylte landet.
11Fjell vart dekte av skuggen, mektige sedrar av greinene.
12Han strekte rankene ut til havet og renningane til Storelva.
13Kvifor har du rive ned gjerdet rundt han så alle som går framom, kan plukka,
14villsvin frå skogen kan gnaga og krypet på marka kan eta?
15Vend attende, Gud Sebaot, skoda ned frå himmelen og sjå! Ta deg av denne vinstokken,
16det du har planta med di høgre hand, sonen som du sjølv har gjeve styrke!
17Treet er brent opp i elden, hogge av. Dei skal gå til grunne når du trugar.
18Hald di hand over han som er ved di høgre side, over mennesket som du sjølv har gjeve styrke,
19så vil vi aldri trekkja oss bort frå deg. Vekk oss til liv att, så vil vi kalla på ditt namn!
20Gud HERRE Sebaot, før oss tilbake, lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!