1Ein salme av Asaf. Gud, folka har trengt seg inn på din eigedom. Dei har gjort ditt heilage tempel ureint og lagt Jerusalem i røys.
2Lika av tenarane dine har dei gjeve til føde for himmelens fuglar og kjøtet av dine trugne til villdyra på jorda.
3Dei har aust ut blodet deira som vatn omkring Jerusalem, og det er ingen som gravlegg dei.
4Vi har vorte til hån for grannane, til spott for dei som bur omkring oss.
5Kor lenge, HERRE? Vil du vera harm for alltid? Kor lenge skal din lidenskap brenna som eld?
6Aus vreiden ut over folkeslag som ikkje kjenner deg, over kongerike som ikkje kallar på ditt namn.
7For dei har slukt Jakob og lagt hans bustad i øyde.
8Tilrekna oss ikkje gamle synder! Skund deg, lat di medkjensle møta oss! For vi er langt nede.
9Hjelp oss, Gud, vår frelsar, så namnet ditt blir æra! Fri oss ut og tilgjev våre synder for ditt namn skuld.
10Kvifor skal folka seia: «Kvar er deira Gud?» Lat våre auge sjå og folka kjenna at du hemnar blodet frå dine tenarar.
11Lat sukket frå fangane nå deg; din arm er sterk, spar dei som skulle døy!
12Herre, gjev grannane våre tilbake i fanget sju gonger den spotten dei rette mot deg.
13Men vi er ditt folk, den flokken du gjeter. Vi vil lova deg til evig tid, lovprisa deg frå slekt til slekt.