Psalms 78NO2011NN

1Ein læresalme av Asaf. Lytt, mitt folk, til mi lov, vend øyra til orda frå min munn!

2Eg vil opna munnen og tala i bilete, la gåter frå gammal tid strøyma fram.

3Det vi har høyrt og kjenner til, det fedrane våre har fortalt oss,

4det løyner vi ikkje for deira born. For neste slektsledd vil vi lovprisa HERREN, hans velde og det underfulle han har gjort.

5Han sette opp lovbod i Jakob, gav ei lov i Israel som han baud våre fedrar gjera kjend for sine born,

6så neste slektsledd, dei born som sidan vart fødde, skulle læra lova å kjenna. Dei skulle stå fram og kunngjera henne for sine born,

7så dei kunne setja si lit til Gud og ikkje gløyma Guds gjerningar, men halda hans bod.

8Dei skulle ikkje bli som sine fedrar, ei slekt som var trassig og opprørsk, ei slekt som ikkje gjorde hjartet fast og ikkje var trufast mot Gud i si ånd.

9Efraim-folket, væpna med bogar, snudde på stridens dag.

10Dei heldt ikkje Guds pakt og nekta å følgja hans lov.

11Dei gløymde hans gjerningar, dei underfulle verk han hadde synt dei.

12Han gjorde under for deira fedrar i Egypt, på markene ved Soan.

13Han kløyvde havet og førte dei over medan han lét vatnet stå som ein voll.

14Om dagen leidde han dei i ei sky, heile natta i ein lysande eld.

15Han kløyvde berga i øydemarka og lét dei drikka som frå det store djupet.

16Han lét bekker strøyma fram or fjellet, lét vatnet renna ned som elvar.

17Men dei heldt fram med å synda mot han, dei trassa Den høgste i det tørre landet.

18Dei sette Gud på prøve i sitt hjarte då dei kravde mat til seg sjølve.

19Dei tala mot Gud. Dei sa: «Kan Gud dekkja bord i ørkenen?

20Vel slo han på berget så vatnet rann og bekkene fløymde fram. Men kan han òg skaffa brød eller sørgja for kjøt til sitt folk?»

21Då HERREN høyrde det, vart han harm. Ein eld braut ut mot Jakob, vreide reiste seg mot Israel

22fordi dei ikkje stola på Gud og leit på hans frelse.

23Han gav bod til skyene i det høge og opna himmelens dører,

24han lét manna regna over dei til føde, han gav dei korn frå himmelen.

25Englebrød fekk menneska eta. Gud sende mat, og dei vart mette.

26Han lét austavinden fara ut frå himmelen, førte sønnavinden fram ved si makt.

27Han lét kjøt regna ned over dei som støv, fuglar så mange som havsens sand.

28Midt i leiren lét han dei falla, rundt omkring telta.

29Dei åt seg meir enn mette, han gav dei det dei hadde lyst på.

30Men før dei hadde snudd seg bort frå det, medan dei enno hadde mat i munnen,

31då reiste Guds vreide seg mot dei. Dei kraftigaste blant dei drap han, Israels unge menn tvinga han i kne.

32Likevel heldt dei fram med å synda og leit ikkje på hans underfulle verk.

33Så lét han deira dagar enda i ein pust, deira leveår i redsle.

34Når han drap, søkte dei han, dei vende om og leita etter Gud.

35Dei kom i hug at Gud er deira berg, at Gud, Den høgste, er deira utløysar.

36Likevel narra dei han med munnen, dei laug for han med tunga.

37Hjartet heldt ikkje fast ved han, dei var ikkje trufaste mot hans pakt.

38Men han var miskunnsam, han tilgav synda og øydela dei ikkje. Gong på gong heldt han att sin vreide og sleppte ikkje all sin harme laus.

39Han kom i hug at dei var av kjøt og blod, vind som fer av stad og ikkje vender attende.

40Kor ofte trassa dei han ikkje i ørkenen! I øydemarka gjorde dei han sorg.

41Stadig sette dei Gud på prøve og krenkte Israels Heilage.

42Dei hugsa ikkje at han greip inn den dagen han fria dei frå fienden,

43då han viste sine teikn i Egypt, sine underfulle verk på markene ved Soan.

44Han gjorde elvane til blod, ingen kunne drikka av bekkene.

45Han sende insekt som åt dei, og frosk som øydela.

46Han lét grashoppa gnaga opp avlinga, grashoppesvermen fekk grøda.

47Han øydela vinstokkane med hagl og morbærtrea med frost.

48Han sende hagl over feet og eld over buskapen.

49Han sende mot dei sin brennande vreide, harme, sinne og trengsle, englar vart sende med ulukke.

50Han bana veg for sin vreide og sparte dei ikkje for døden, men overgav deira liv til pesten.

51Han slo alle førstefødde i Egypt, førstegrøda av krafta i Hams telt.

52Så lét han folket sitt dra ut som sauer, i ørkenen førte han dei som ein flokk.

53Han leidde dei trygt, dei frykta ikkje, havet skylde over fienden.

54Han førte dei til sitt heilage land, til fjellet hans høgre hand hadde vunne.

55Han dreiv folkeslag bort for dei og målte ut eigedom til dei med målesnor. Han lét Israels stammar flytta inn telta.

56Men dei utfordra og trassa Gud, Den høgste, og heldt ikkje hans bod.

57Dei drog seg tilbake og var trulause som sine fedrar, dei svikta, lik ein boge som blir slakk.

58Med sine offerhaugar gjorde dei han rasande, med avgudsbilete gjorde dei han sjalu.

59Gud høyrde det og vart harm, han vraka Israel heilt og fullt.

60Han gav opp sin bustad i Sjilo, det teltet han budde i blant menneske.

61Han overgav si makt til fangenskap, sin glans i handa til fienden.

62Han overgav folket sitt til sverdet, han vart harm på sin eigedom.

63Elden øydde deira unge stridsmenn, jentene fekk ingen bryllaupssong.

64Prestane deira fall for sverd, enkjene fekk ikkje gråta.

65Då vakna Herren lik ein som har sove, lik ein stridsmann drukken av vin.

66Han slo motstandarane sine tilbake og gav dei evig skam.

67Han vraka Josefs telt, han valde ikkje ut Efraims stamme.

68Men Judas stamme valde han, og Sion-fjellet, som han elskar.

69Han bygde sin heilagdom lik den høge himmelen, lik jorda, som han grunnla for alltid.

70Han valde ut David, frå sauekvea henta han sin tenar.

71Han førte han bort frå søyene så han skulle gjeta Jakob, hans folk, og Israel, hans eigedom.

72Han gjette dei med eit heilt hjarte og leidde dei med kunnig hand.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 78.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.