1Til korleiaren. Etter Jedutun. Av Asaf. Ein salme.
2Eg ropar til Gud, eg skrik. Eg ropar til Gud, og han høyrer meg.
3Den dagen eg er i naud, søkjer eg Herren. Om natta retter eg handa ut, ho trøytnar ikkje. Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.
4Eg tenkjer på Gud og sukkar, eg grublar, og mi ånd veiknar. Sela
5Du held auga mine opne, eg er uroleg, eg kan ikkje tala.
6Eg tenkjer på gamle dagar, minnest framfarne år.
7Om natta tenkjer eg på dette, hjartet grublar, ånda granskar.
8Vil Herren støyta oss bort for alltid og ikkje lenger vera god mot oss?
9Er hans miskunn slutt for evig, er ordet hans borte for alle slekter?
10Har Gud gløymt å vera nådig, har han late att hjartet i vreide? Sela
11Eg seier: «Dette plagar meg: høgre handa til Den høgste er ikkje lenger den same.»
12Eg minnest HERRENS verk, minnest dine under frå gammal tid.
13Eg grundar på alt du gjorde, og grublar over dine storverk.
14Gud, i heilagdom går du fram. Kven er ein gud så stor som vår Gud?
15Du er den Gud som gjer under, mellom folka lèt du di makt bli kjend.
16Med sterk arm løyste du folket ditt ut, sønene til Jakob og Josef. Sela
17Vatnet såg deg, Gud, vatnet såg deg og skalv, det store djupet bivra.
18Skyene auste ut vatn, det torna frå tunge skyer, pilene dine lynte att og fram.
19Di torerøyst rulla i stormen, lyna lyste opp verda. Jorda riste og skalv.
20Din veg gjekk gjennom sjøen, din stig gjennom veldige vatn. Ingen kjende dine fotspor.
21Ved handa til Moses og Aron førte du folket ditt som ein flokk med sauer.