Psalms 76NO2011NN

1Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av Asaf. Ein song.

2Gud er kjend i Juda, hans namn er stort i Israel.

3I Salem er hans hytte reist, på Sion står hans bustad.

4Der braut han sund lynande piler, krigens våpen, skjold og sverd. Sela

5Du er strålande og herleg, meir enn dei evige fjell.

6Modige menn vart plyndra. Kvar krigar hadde sovna inn, ingen kunne lyfta ei hand.

7Hest og ryttar fall i uvit då du truga, Jakobs Gud.

8Du er den som alle må frykta. Kven kan stå for ditt andlet når du blir vreid?

9Frå himmelen kunngjorde du din dom. Jorda frykta og tagde

10då Gud stod opp for å dømma, for å frelsa alle hjelpelause på jord. Sela

11Sjølv harmen frå menneske blir til lovsong for deg, harmen endar med høgtid.

12Gjev lovnader til HERREN dykkar Gud, lat han få det de har lova! Alle omkring han skal koma med gåver til han som dei fryktar.

13Han tek motet frå fyrstar, kongane på jorda må frykta han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 76.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.