1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein salme av Asaf. Ein song.
2Gud, vi prisar og takkar deg. Vi kallar på ditt namn og fortel om dine underfulle verk.
3«Eg har fastsett ei tid då eg skal halda rettferdig dom.
4Jorda og alle som bur der, kan vakla, men eg har gjort hennar søyler faste.» Sela
5Eg sa til dei som skryter: «Skryt ikkje!» og til dei urettferdige: «Kneis ikkje med horna!
6Lyft ikkje horna mot det høge, gjer ikkje nakken bratt og talen frekk!»
7For i aust og i vest og i ørkenen er det er ingen som kan reisa opp.
8Men det er Gud som dømmer. Éin bøyer han ned, og éin reiser han opp.
9HERREN har eit beger i handa med skummande, krydra vin. Han skjenkjer i av vinen, og alle urettferdige på jorda må drikka, jamvel botnfallet må dei tømma.
10Eg vil alltid fortelja om dette, spela og syngja for Jakobs Gud.
11«Eg høgg av kvart horn på dei lovlause, men dei rettferdiges horn skal få kneisa.»