1Ein læresalme av Asaf. Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid? Kvifor flammar din vreide mot dei du gjeter?
2Kom i hug flokken du vann deg i gammal tid, din eigen stamme som du fria ut, Sion-fjellet der du slo deg ned.
3Gå opp til ruinen som ligg knust for alltid! I heilagdomen har fienden øydelagt alt.
4Motstandarane brølte der du samlar ditt folk. Sine eigne hærmerke sette dei opp.
5Det var som når ein lyfter øksar i tjukke skogen.
6Slik slo dei sund alt det utskorne med øks og med brekkstong.
7Dei sette eld på din heilagdom, dei vanhelga og reiv ned staden der namnet ditt bur.
8Dei tenkte: «Vi underkuar dei alle saman!» Dei brende alle Guds samlingsstader i landet.
9Vi ser ikkje våre eigne merke. Profetar finst ikkje lenger. Ingen hos oss veit kor lenge dette skal vara.
10Kor lenge, Gud, skal fienden spotta? Skal motstandaren forakta ditt namn for alltid?
11Kvifor held du høgre handa tilbake? Lyft handa frå fanget og gjer slutt på dette!
12Men Gud, min konge frå gammal tid, du som gjer frelsesverk på jorda,
13du kløyvde havet med di makt og krasa hovuda til uhyra i vatnet.
14Du slo sund hovuda til Leviatan og gav han til føde for folket i ørkenen.
15Du braut veg for kjelder og bekker, du tørka ut mektige elvar.
16Din er dagen, og di er natta, du sette himmellysa og sola på plass.
17Du fastsette alle grenser på jorda, sommar og vinter er det du som har skapt.
18Hugs dette: Fienden spottar HERREN, eit folk av dårar foraktar ditt namn.
19Gjev ikkje turteldua di til villdyr, gløym aldri dine armingars liv!
20Vend blikket mot di pakt! Landet er fullt av mørke stader der valden bur.
21Lat ikkje den undertrykte gå bort med skam, lat dei fattige og hjelpelause prisa ditt namn!
22Reis deg, Gud, og før di sak! Hugs at du blir spotta av dårar dagen lang.
23Gløym ikkje ropet frå dine fiendar, larmen som alltid stig frå dei som står deg imot.