Psalms 73NO2011NN

1Ein salme av Asaf. Sanneleg, Gud er god mot Israel, mot dei som er reine av hjartet.

2Men eg var nær ved å snubla, foten heldt på å gli ut.

3For eg var misunneleg på dei hovmodige, eg såg at det gjekk dei urettferdige vel.

4Dei er utan plager til sin død, magen er god og mett.

5Dei lid ikkje som andre menneske, dei blir ikkje plaga som andre folk.

6Difor er hovmod deira halskjede, dei er kledde i ei drakt av vald.

7Synda deira kjem av velstand, hjartans tankar fløymer over.

8Dei spottar, dei talar i vondskap, ovanfrå trugar dei med vald.

9Dei lyfter munnen mot himmelen, og tunga fer omkring på jorda.

10Difor vender folk seg til dei og syg i seg deira ord.

11Dei seier: «Korleis skulle Gud vita om det? Har Den høgste kjennskap til noko?»

12Slik er dei urettferdige, støtt er dei trygge og aukar sin rikdom.

13Fåfengt har eg halde hjartet reint og vaska hendene i uskuld.

14For eg vart plaga heile dagen, tala til rette kvar morgon.

15Hadde eg sagt: «Slik vil eg tala», då hadde eg svike dine born.

16Så tenkte eg etter, ville skjøna dette. Det var pinefullt å sjå,

17heilt til eg gjekk inn i Guds heilagdom; då skjøna eg kva framtid dei får.

18Ja, du fører dei ut på glatte vegar, du får dei til å falla og bli knuste.

19Brått går dei til grunne, det er slutt, dei endar i redsle.

20Dei er som ein draum når ein vaknar. Du foraktar synet av dei når du reiser deg, Herre.

21Så lenge eg var beisk i hjartet og det stakk i nyrene,

22var eg dum og visste ingen ting, som eit fe var eg mot deg.

23Men eg blir alltid verande hos deg, du har gripe mi høgre hand.

24Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du imot meg i herlegdom.

25Kven har eg elles i himmelen? Når eg er hos deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.

26Om kropp og hjarte forgår, er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.

27Dei som held seg borte frå deg, går til grunne, du gjer ende på alle som er utrue mot deg.

28Men for meg er det godt å vera nær Gud. Eg har teke mi tilflukt til Herren GUD. Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 73.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.