1Til korleiaren. Til strengespel. Ein salme. Ein song.
2Gud vere oss nådig og velsigne oss, Gud la sitt andlet lysa for oss! Sela
3Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag.
4Folka skal prisa deg, Gud, alle folk skal prisa deg!
5Lat folkeslag gleda seg og jubla, for du dømmer folka med rettferd og leier folkeslaga på jorda. Sela
6Folka skal prisa deg, Gud, alle folk skal prisa deg!
7Jorda har gjeve si grøde. Gud, vår Gud velsignar oss.
8Gud skal velsigna oss! Heile jorda skal frykta han!