1Til korleiaren. Av David. Ein salme. Ein song.
2Gud skal reisa seg, hans fiendar bli spreidde, dei som hatar han, skal rømma for han.
3Slik røyk driv bort, skal du driva dei bort. Slik voks må smelta for elden, går dei urettferdige til grunne for Gud.
4Men dei rettferdige skal gleda seg, fryda seg for Guds andlet og jubla av glede.
5Syng for Gud! Lovsyng hans namn! Rydd veg for han som rid gjennom øydemark! HERREN er hans namn. Jubla for han!
6Gud i sin heilage bustad er far for farlause, forsvarar for enkjer.
7Gud lèt einsame finna ein heim, han fører fangar ut til lukke og trivsel, men opprørarar må bu i eit audt og avsvidd land.
8Gud, då du drog ut framfor folket ditt, då du skreid fram gjennom ørkenen, Sela
9då skalv jorda, og det draup frå himmelen for Gud, Sinais Gud, Israels Gud.
10Du lét regnet strøyma, Gud, ditt utarma land gav du styrke.
11Der fekk flokken din slå seg ned. Gud, du sørgde for dei hjelpelause, for du er god.
12Herren sender ut eit ord, stor er skaren av kvinner som kjem med gledebod:
13«Kongar over hærar flyktar, dei flyktar! Kvinnene heime deler bytte.
14Sjølv til dykk som låg mellom sauene, er det duevenger dekte med sølv, vengefjører av grønt gull.
15Då Den veldige spreidde kongane, snødde det på Salmon-fjellet.»
16Basan-fjellet er eit gudefjell, Basan-fjellet med høge tindar.
17Høge tindar, kvifor ser de skeivt til fjellet som Gud ville ha til bustad, der HERREN vil bu for alltid?
18Guds vogner er ti tusen gonger tusen, Herren er mellom dei, heilag som på Sinai.
19Du steig opp i det høge, førte bort fangar, tok gåver blant menneska, jamvel opprørarar, så du kunne bu der, HERRE og Gud.
20Velsigna er HERREN dag etter dag! Gud er vår redning, han ber oss. Sela
21Vår Gud er ein Gud som frelser, hos GUD Herren er det utveg frå døden.
22Men Gud knuser hovudet på sine fiendar, den hårete skallen på dei som stadig lever i skuld.
23Herren seier: «Eg fører deg tilbake frå Basan, eg fører deg tilbake frå havsens djup,
24så foten din kan vassa i blod og tunga til hundane dine få sin del av fienden.»
25Folk har sett ditt festtog, Gud, festtoget til min Gud og konge i hans heilagdom.
26Songarar går føre, bak går dei som spelar harpe, i midten unge jenter som slår på tromme.
27Lovpris Gud, kor mot kor, lov HERREN, de som er av Israels kjelde!
28Der er Benjamin, den yngste, som herskar over dei, Judas hovdingar i flokk og hovdingane i Sebulon og Naftali.
29Gud, vis din styrke, vis deg sterk, Gud, slik vi før har sett.
30Fordi ditt tempel ragar over Jerusalem, kjem kongar til deg med gåver.
31Du skal truga villdyret i sivet, flokken av oksar og kalvane til folka! Trakk ned dei som traktar etter sølv, sprei folk som vil strid!
32Dei skal koma med bronse frå Egypt, i hast strekkjer Kusj hendene mot Gud.
33Syng for Gud, de kongerike på jorda, syng og spel for Herren, Sela
34for han som rid på himmelen, den eldgamle himmelen. Høyr, han lyfter si røyst, ei mektig røyst!
35Gjev Gud makt! Han har herrevelde over Israel, hans makt når til skyene.
36Frå sin heilagdom vekkjer Gud frykt. Israels Gud gjev kraft og styrke til folket. Velsigna er Gud!