1Til korleiaren. Ein song. Ein salme. Rop med jubel for Gud, all jorda!
2Spel og syng til ære for hans namn, gjev han pris og ære!
3Sei til Gud: «Kor skremmande dine gjerningar er!» Fienden kryp for di store makt.
4Heile jorda skal bøya seg for deg, dei skal spela for deg og lovsyngja ditt namn. Sela
5Kom og sjå alt Gud har gjort, skremmande er hans gjerningar mellom menneska.
6Han gjorde sjø til tørt land, gjennom elva gjekk dei til fots. Difor gleder vi oss over han.
7Han herskar med velde til evig tid, hans auge granskar folkeslag. Ingen opprørar skal reisa seg. Sela
8De folk, velsign vår Gud! Lat lovsongen lyda for han.
9Han held oss i live og lèt ikkje våre føter vakla.
10For du har prøvd oss, Gud, reinsa oss som dei reinsar sølv.
11Du lét oss gå i garnet, du la ei bør av motgang på våre hofter.
12Du lét menneske ri over våre hovud, vi gjekk gjennom eld og vatn. Så førte du oss ut til overflod.
13Eg kjem med brennoffer til ditt hus, eg vil halda det eg lova deg,
14det leppene tala, det munnen sa då eg var i naud.
15Eg gjev deg feite dyr som brennoffer saman med røyken av vêrar. Eg ofrar både oksar og bukkar. Sela
16Kom og høyr, alle de som fryktar Gud, eg skal fortelja kva han har gjort mot meg.
17Min munn ropa til han, på tunga var det lovsong.
18Hadde eg urett i sinne, ville Herren ikkje ha høyrt meg.
19Men Gud har høyrt! Han vende øyret til mi bøn.
20Velsigna er Gud. Han la ikkje mi bøn til side og tok ikkje frå meg si miskunn.