Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 63

:
Norwegian - NO2011NN
1 Ein salme av David, han var i Juda-ørkenen.
2 Gud, du er min Gud, som eg søkjer. Mi sjel tørstar etter deg, min kropp lengtar etter deg i eit vasslaust, tørt og utarma land.
3 I heilagdomen skoda eg deg, eg såg di makt og din herlegdom.
4 For di miskunn er betre enn livet. Leppene mine skal syngja din pris.
5 Slik vil eg velsigna deg heile mitt liv og lyfta hendene i ditt namn.
6 Eg blir metta som med feite retter, med jublande lepper prisar eg deg.
7 Eg tenkjer deg der eg ligg og kviler, og grundar deg gjennom natta.
8 For du har vore ei hjelp for meg, eg jublar i skuggen av dine venger.
9 Eg held fast ved deg, di høgre hand grip tak i meg.
10 Men det går ille med dei som står meg etter livet, dei skal fara ned i jordedjupet.
11 Dei skal gjevast over til sverdet og bli til rov for sjakalar.
12 Men kongen skal gleda seg i Gud. Alle som sver ved han, kan vera stolte, for løgnarmunnen blir stoppa.