Psalms 64NO2011NN

1Til korleiaren. Ein salme av David.

2Høyr meg, Gud, når eg bed, vern mitt liv når fienden skremmer!

3Gøym meg for banden av valdsmenn, for hopen av dei som gjer urett.

4Dei kvesser si tunge som eit sverd og siktar inn pilene, dei beiske orda.

5Frå bakhald vil dei skyta den skuldlause. Brått skyt dei han, dei er ikkje redde.

6Dei styrkjer kvarandre med vonde ord. Dei talar om å setja snarer og seier: «Ingen vil sjå dei.»

7Dei tenkjer ut vondskap. «No er vi klare, tanken er tenkt, det er store djup i menneskehjartet!»

8Men Gud skyt dei med piler, brått blir dei råka.

9Han fører dei til fall, deira eiga tunge rammar dei. Alle som ser dei, blir skaka.

10Alle menneske blir gripne av frykt. Dei kunngjer Guds verk og skjønar det han har gjort.

11Den rettferdige gleder seg i HERREN og søkjer tilflukt hos han. Den ærlege av hjartet prisar seg lukkeleg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 64.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.