1Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein salme av David.
2Berre hos Gud er eg stille, frå han kjem mi frelse.
3Berre han er mitt berg og mi frelse og mitt vern, eg skal ikkje vakla.
4Kor lenge kan de alle gå laus på ein mann for å slå han i hel? Han er då ein lutande vegg, ein nedbroten mur.
5Dei legg planar om å støyta han ned, ned frå hans høgd, dei elskar svik. Dei velsignar med munnen, men inst inne forbannar dei. Sela
6Berre hos Gud skal eg vera still, frå han kjem mi von.
7Berre han er mitt berg og mi frelse og mitt vern, eg skal ikkje vakla.
8Hos Gud er mi frelse og mi ære. Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud.
9Lit alltid på han, de folk, aus ut dykkar hjarte for han! Gud er vår tilflukt. Sela
10Småfolk er berre ein pust, stormenn er ei løgn, på vektskåla vippar dei opp, lettare enn eit vindpust er dei alle.
11Set ikkje lit til vald, ha ikkje fåfengd von til rov! Om rikdomen aukar, lat deg ikkje merka med det!
12Éin gong har Gud tala, to ting har eg høyrt: at makta tilhøyrer Gud,
13og at all miskunn, HERRE, høyrer deg til. Du løner kvar og ein etter det han har gjort.