Psalms 59NO2011NN

1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset for å drepa han.

2Gud, fri meg frå fiendar, vern meg mot dei som reiser seg mot meg!

3Fri meg frå dei som gjer urett, frels meg frå drapsmenn!

4No ligg dei og lurer på meg. Dei sterke kastar seg over meg, men brot eller synder har eg ikkje gjort, HERRE.

5Eg er utan skuld, men dei spring fram og stiller opp til strid. Vakna, kom til meg og sjå!

6Gud, HERRE Sebaot, du er Israels Gud. Vakna og hald rekneskap med alle folk, ver ikkje nådig mot dei som fer med urett og svik! Sela

7Dei kjem att kvar kveld, dei hyler som hundar og går rundt i byen.

8Høyr, dei lèt munnen renna over, leppene er som sverd. Er det nokon som høyrer?

9Men du, HERRE, ler av dei, du håner alle folkeslag.

10Min styrke, eg ser etter deg, for Gud er mitt vern.

11Min Gud møter meg med miskunn, han lèt meg sjå ned på mine fiendar.

12Drep dei ikkje, for då gløymer folket. Styrt dei med makt så dei må flakka omkring, Herre, vårt skjold!

13Orda dei har på leppene, er synd frå deira munn. Lat dei fangast i sitt hovmod! Dei talar forbanning og løgn.

14Gjer ende på dei i din harme, gjer ende på dei, så dei ikkje meir er til. Så skal dei skjøna at det er Gud som rår i Jakob, heilt til endane av jorda. Sela

15Dei kjem att kvar kveld, dei hyler som hundar og går rundt i byen.

16Dei flakkar om etter mat, dei knurrar om dei ikkje blir mette.

17Men eg vil syngja om di makt og jubla kvar morgon over di miskunn. For du har vorte mitt vern, ei tilflukt den dagen eg er i naud.

18Min styrke, eg vil syngja for deg, for Gud er mitt vern, min Gud som viser miskunn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 59.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.