Psalms 58NO2011NN

1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David.

2Talar de verkeleg rett, de mektige? Dømmer de rettferdig, de menneske?

3Nei, frå hjartet ber de fram urett på jorda, med hendene spreier de vald.

4Frå fødselen av er dei urettferdige på avvegar, heilt frå mors liv fer løgnarane vill.

5Deira gift er som ormegift, dei liknar ein orm som er døv, han lèt att øyra

6og høyrer ikkje på han som kviskrar, på han som er kunnig til å mana.

7Gud, knus tennene i deira munn, HERRE, bryt tanngarden sund på løvene!

8Lat dei kverva slik vatn renn vekk! Lat dei berre spenna bogen, pilene er utan kraft.

9Lat dei bli lik snigelen som løyser seg opp i slim, lik den dødfødde som aldri såg sola.

10Før grytene kjenner varmen frå tornekvistene, blæs han dei bort, dei friske som dei brennande.

11Den rettferdige skal gleda seg når han ser at han får hemn. Han skal vaska føtene i blodet av dei urettferdige.

12Då skal menneska seia: «Ja, den rettferdige får si løn. Det finst ein Gud som dømmer på jorda.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 58.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.