Psalms 57NO2011NN

1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hòla.

2Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For eg søkjer tilflukt hos deg. I skuggen av dine venger søkjer eg ly til faren er over.

3Eg ropar til Gud, Den høgste, til Gud som gjer vel mot meg.

4Han skal senda meg hjelp frå himmelen, håna dei som jagar meg Sela og gje meg si miskunn og sin truskap.

5Sjølv ligg eg midt mellom løver som vil sluka menneske. Tennene deira er spyd og piler, tunga er eit kvast sverd.

6Vis deg høg over himmelen, Gud, vis din herlegdom over all jorda!

7Dei la ut eit nett for mine føter, dei pressa meg ned. Dei grov ei fallgrav for meg, men sjølve fall dei ned i grava. Sela

8Mitt hjarte er roleg, Gud, roleg og trygt. Eg vil syngja og spela.

9Vakna, mi ære, vakna, harpe og lyre! Eg vil vekkja morgonròden.

10Eg vil takka deg mellom folka, Herre, lovsyngja deg mellom folkeslag.

11For di miskunn når til himmelen, din truskap til skyene.

12Vis deg høg over himmelen, Gud, vis din herlegdom over all jorda!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 57.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.