Psalms 56NO2011NN

1Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam. Av David, då filistrane greip han i Gat.

2Ver meg nådig, Gud! Folk jagar meg, stridsmenn trengjer seg på meg heile dagen.

3Fiendar jagar meg dagen lang, frå si høgd går dei til åtak, dei er mange.

4Når eg er redd, stolar eg på deg.

5Eg stolar på Gud, eg prisar hans ord. Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd. Kva kan vel menneske gjera meg?

6Dei vrir på orda mine dagen lang, dei tenkjer berre på å skada meg.

7Dei slår seg saman og ligg på lur, dei vaktar mine steg, ventar berre på å ta mitt liv.

8Skal dei sleppa unna med sin urett? Støyt folkeslag ned i din vreide, Gud!

9Du har talt mine heimlause steg, mine tårer har du samla i di lêrflaske. Står det ikkje i di bok?

10Difor må fienden dra seg tilbake den dagen eg ropar. Det veit eg, at Gud er med meg.

11Eg stolar på Gud, eg prisar ordet, eg lit på HERREN, eg prisar ordet.

12Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd. Kva kan eit menneske gjera meg?

13Eg vil halda mine lovnader til deg, Gud, difor kjem eg med lovsongsoffer til deg.

14For du har berga mitt liv frå døden og foten frå å snubla, så eg kan ferdast for Guds andlet i livsens lys.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 56.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.