1Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam, til lærdom. Av David,
2då han låg i strid med aramearriket mellom elvane og aramearriket i Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen.
3Gud, du har støytt oss bort og knust oss. Du var harm. Reis oss opp att!
4Du lét landet skjelva og rivna. Læk brestene, for landet vaklar.
5Du lét folket ditt sjå harde tider, gav oss vin så vi tumla.
6Du reiste ei fane for dei som fryktar deg. Dit kan dei rømma for bogen. Sela
7Hjelp oss med di høgre hand, svar meg, så dine kjære kan bli berga.
8Gud har tala i sin heilagdom: «Med jubel vil eg dela ut Sikem, Sukkot-dalen vil eg måla opp.
9Mitt er Gilead og mitt er Manasse, Efraim er hjelmen på mitt hovud, Juda er min styrarstav.
10Men Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg sandalen. Hyll meg, Filistarland!»
11Kven fører meg til festningsbyen, kven leier meg til Edom?
12Det er du, Gud, du som støytte oss bort og ikkje drog ut med våre hærar.
13Støtt oss mot fienden! Hjelp frå menneske er ingenting verd.
14I Gud skal vi gjera storverk. Han skal trakka ned våre fiendar.