Psalms 53NO2011NN

1Til korleiaren. Etter «Mahalat». Ein læresalme. Av David.

2Dårane seier i hjartet: «Det finst ingen Gud.» Vond og avskyeleg er deira urett, det finst ingen som gjer det gode.

3Frå himmelen ser Gud ned til menneska for å sjå om det finst nokon som er vis, nokon som søkjer Gud.

4Alle har trekt seg unna, alle som ein er forderva. Det finst ingen som gjer det gode, ikkje ein einaste.

5Skjønar dei då ingen ting, dei som gjer urett? Dei et opp folket mitt som om dei et brød, og kallar ikkje på Gud.

6Då skal dei råkast av redsle, dei som aldri var redde. For Gud skal strø ut beina av dei som slår leir mot deg. Dei blir til skamme, for Gud har vraka dei.

7Måtte frelse koma til Israel frå Sion! Når Gud vender lagnaden for sitt folk, skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 53.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.