1Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David,
2då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hos oss.»
3Gud, frels meg ved ditt namn, skaff meg rett ved di kraft!
4Gud, høyr mi bøn, vend øyret til mine ord!
5Framande har reist seg mot meg, valdsmenn står meg etter livet. Dei bryr seg ikkje om Gud. Sela
6Men Gud er den som hjelper meg, Herren held meg i live.
7Vend det vonde mot mine fiendar. Gjer ende på dei i din truskap!
8Villig skal eg ofra til deg og prisa namnet ditt, HERRE, for det er godt.
9HERREN har fria meg ut av all naud, så eg kan sjå ned på mine fiendar.