Psalms 52NO2011NN

1Til korleiaren. Ein læresalme. Av David,

2då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Ahimeleks hus.

3Du mektige, kvifor skryter du av det vonde? Guds miskunn varer dagen lang.

4Du legg planar som er til skade. Tunga er lik ein kvass kniv. Ho fer med svik.

5Du elskar vondt meir enn godt, løgna meir enn sanne ord. Sela

6Du elskar kvart ord som gjer skade, du svikefulle tunge.

7Difor skal Gud slå deg ned for alltid, ta deg og riva deg ut av ditt telt. Han skal rykkja deg opp med rot, bort frå landet til dei levande. Sela

8Dei rettferdige skal sjå det og frykta, dei skal le av han:

9«Sjå på han. Han gjorde ikkje Gud til sitt vern, men sette si lit til sin store rikdom og brukte sin styrke til å skada.»

10Men eg er som eit oliventre, grønt og frodig i Guds hus. Eg set mi lit til Guds miskunn, til evig tid.

11Eg vil alltid prisa deg fordi du greip inn. Med dine trugne set eg mi von til ditt namn, for det er godt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 52.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.