Psalms 51NO2011NN

1Til korleiaren. Ein salme av David,

2då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hos Batseba.

3Ver meg nådig, Gud, i din kjærleik, stryk ut mitt brot i di store miskunn!

4Vask meg rein for skuld og reins meg for mi synd!

5For mine brot kjenner eg, mi synd står alltid for meg.

6Mot deg åleine har eg synda, det som er vondt i dine auge, har eg gjort. Difor har du rett når du talar, du er rein når du feller dom.

7Ja, med skuld vart eg fødd, med synd vart eg til i mors liv.

8Sjå, du gler deg over sanning i mitt indre, du lærer meg visdom i det løynde.

9Ta bort mi synd med isop, så eg blir rein, vask meg, så eg blir kvitare enn snø.

10Lat meg få oppleva fryd og glede, lat beina du knuste, få jubla.

11Løyn ditt andlet for mine synder, stryk ut all mi skuld!

12Gud, skap i meg eit reint hjarte, gjev meg ei ny og stødig ånd!

13Driv meg ikkje bort frå ditt andlet, ta ikkje frå meg din heilage Ande!

14Gjev meg atter gleda over di frelse, hald meg oppe med ei villig ånd!

15Eg vil læra brotsmenn dine vegar, syndarar skal venda om til deg.

16Fri meg, Gud, frå blodskuld, du Gud som er mi frelse! Så skal tunga mi jubla over di rettferd.

17Herre, lat opp mine lepper så min munn kan lovprisa deg.

18For du har ikkje glede i slaktoffer; mitt brennoffer bryr du deg ikkje om.

19Offer for Gud er ei sundbroten ånd. Gud, du foraktar ikkje eit sundbrote og knust hjarte.

20Gjer vel mot Sion i din nåde, bygg Jerusalems murar!

21Då skal du ha glede i rette offer, brennoffer og heiloffer. Då skal dei ofra oksar på ditt altar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 51.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.