1Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.
2Mitt hjarte strøymer over av gode ord, eg diktar mine songar for kongen. Tunga er lik pennen til ein dyktig skrivar.
3Du er den fagraste av menneske, vakker tale er lagd på dine lepper. Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4Spenn sverdet fast ved hofta, du krigar, i di høgd og din herlegdom!
5Vinn siger i din herlegdom! Ri ut til strid for sanning, mildskap og rett! Di høgre hand lèt deg sjå skremmande gjerningar.
6Pilene dine er kvasse, folkeslag stuper for deg. Kongens fiendar er råka i hjartet.
7Din kongsstol, Gud, står til evig tid, din kongsstav er rettferds stav.
8Du har elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud, salva deg med gledes olje framfor dine vener.
9Du er sveipt i angen frå myrra, aloe og kassia. Strengespel frå elfenbeinshallar gjev deg glede.
10Kongsdøtrer er mellom dine utvalde, ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull.
11Høyr, dotter, sjå hit og vend øyret til! Gløym ditt folk og di slekt,
12for kongen attrår din venleik. Han er din herre, bøy deg ned for han!
13Tyros' dotter og dei rike i folket skal søkja din gunst med gåver.
14Fullkomen, herleg trer kongsdottera inn, kjolen hennar er gjennomvoven med gull.
15I fargerik bunad blir ho leidd til kongen. Unge jenter er bak henne, veninnene hennar blir førte fram for deg.
16Dei blir leidde inn med fryd og glede, dei går inn i kongens slott.
17Sønene dine skal koma i staden for fedrane, set dei til hovdingar kringom i landet!
18Frå slekt til slekt vil eg minnast ditt namn, difor skal folka lova deg til evig tid.