Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 46

:
Norwegian - NO2011NN
1 Til korleiaren. Av Korah-songarane. Etter «Alamot». Ein song.
2 Gud er vår tilflukt og styrke, ei hjelp i naud og alltid nær.
3 Difor reddast vi ikkje når jorda skakar, når fjella vaklar i havsens djup.
4 Vatnet buldrar og brusar, fjella skjelv når havet reiser seg. Sela
5 Det finst ei elv med bekker som gleder Guds by, den mest heilage bustaden til Den høgste.
6 Gud er midt i han, byen kan ikkje vakla. Gud hjelper han når morgonen gryr.
7 Folkeslag buldra, rike vakla, han lét røysta ljoma, jorda skalv.
8 HERREN Sebaot er med oss, Jakobs Gud er vår faste borg. Sela
9 Kom og sjå alt HERREN har gjort, han som gjer skremmande ting jorda!
10 Han gjer slutt krig over heile jorda, han bryt bogar sund, høgg spyda av, han set eld vogner.
11 Hald opp! Kjenn at eg er Gud. Eg er opphøgd over folkeslag, opphøgd jorda.
12 HERREN Sebaot er med oss, Jakobs Gud er vår faste borg. Sela